Informasjon
Informasjon

Årsand


Publisert av Gro Heidi Molland. Sist endra 10.01.2013

Om lag 25 kilometer frå Jondal sentrum ligg Årsand. Der innmarka endar, om lag 250 meter nord for gardstunet, finn vi ein attraksjon som har fått karakteristikken «eitt av dei merkelegaste fornminna i heile Hordaland»: Ein utoverhengande bergvegg formar ein grunn heller som vert kalla Geithidleren. Her er det måla figurar på berget; hjulkrossar, sirklar, trekantar, firkantar, krossar og punkt, menneskefigurar, og det er og mønster som ikkje gjev meining for oss.


Dei fleste fagfolk som har granska bergmålinga, meiner ho bør daterast til denne bronsealderen. Ifølgje kjelder som mellom andre Kulturhistorisk vegbok har det for kanskje så lenge som 3000 år sidan, vore ein heilagdom for gudsdyrking, tilbeding og kulthandlingar.


I Årsand ligg også Jondal Skulemuseum. Skulehuset var bygt i 1903, og var, unnateke perioden 1928-65 kor det var for lågt barnetal i krinsen, i drift som skule fram til 1973. Jondal kommune inngjekk ein avtale med Kvinnherad om leige av skulehuset til museumsføremål i 1987.


Kjelde: Folgefonna og fjordbygdene