Borgarleg vigsel i Jondal kommune

I Jondal kommune kan våre eigne innbyggarar, andre kommunar sine innbyggarar og personar som ikkje er busett i Noreg, men som fyller vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg, via seg. 

Jondal kommune tilbyr vigslar i kommunestyresalen mellom kl. 0900-1430 måndag til fredag. Vigslar på andre stader og til andre tider kan gjerast etter avtale med vigslar.

Alle vigslar skal skje etter avtale, og før inngåing av ekteskap må det liggja føre ein gyldig prøveattest for ekteskapsinngåing. Skjema for det finst hjå Skatteetaten. Prøveattesten må vera Jondal kommune i hende i god tid før vigselen.

Brudefolket har ikkje høve til å velja vigslar sjølv, men kan kome med ynskjer.  

Innhald

Under seremonien vil Jondal kommune nytta det borgarlege vigselformularet. Det er høve til meir innhald i seremonien innanfor rimelege grenser. Innhald kan vera musikkinnslag, diktlesing, utveksling av ringar.

Innhaldet i seremonien skal avtalast med vigslar i god tid. Vigslar har rett til å avvisa innhald.

Pris

Borgarleg vigsel er gratis, og Jondal kommune vil ikkje krevja leige for bruk av kommunestyresalen. Ved vigslar som skjer på andre stader enn i kommunestyresalen må brudefolket betala reiseutgiftene til vigslaren etter reiseregulativet til Jondal kommune. Brudefolket vil verta kjend med kostnaden i god tid før vigselen.

Jondal kommune kan nytta skjønn i utrekning av meirkostnadene.

Vigslarar:

  • Ordførar Jon Larsgard
  • Varaordførar Reidun Haugen Dalseth
  • Rådmann Reidar Isdal
  • Assisterande rådmann Rangvald Joakimsen

 

For å tinga vigsel eller meir informasjon, ta kontakt med rådgjevar Arnved Soldal Lund, 53 66 95 03 / 970 65 875

Publisert av Arnved Soldal Lund. Sist endra 22.12.2017