Visjonsverkstad 6.desember

I samband med kommunesamanslåinga og utarbeiding av ein ny felles kommuneplan treng me i Ullensvang kommune ein overordna visjon. 

l dette arbeidet ynskjer me hjelp frå deg, som innbyggar. Dette er di moglegheit til å setje preg på vegen den nye kommunen skal gå inn i framtida. Me inviterer deg difor til visjonsverkstad.

 

IMG_3215.JPG - Klikk for stort bilete

Foto: Harald Grande Jr. - Bilete frå Visjonsverkstad i Skare

 

Verkstadene vil bli halde rundt i heile kommunen med blant anna fremtidig kommunaldirektør (rådmann) og sentrale aktørar i nedsett fellesnemnd.

Det vert enkel servering og du får også sjå ei utstilling laga av barn frå samtlege skular i den nye kommunen.

Torsdag 6. desember blir det visjonsverkstad i Jondal (kommunestyresalen) kl. 17.00.
Det varer i ca. 2 1/2 time

 Vel møtt!

Les meir på Ullensvang kommune si nettside her

 
Sist endra 12.12.2018