Vil du arbeide med kulturlivet?

(Pressefoto) - Klikk for stort bilete(Pressefoto) Ullensvang Amatørkulturråd vart stifta i juni av representantar fra det frivillige og amatørbaserte kulturlivet i Odda, Ullensvang og Jondal.

Me skal vera ein paraplyorganisasjon for alle lag, foreiningar og enkeltpersonar som driv med kulturaktivitet. Ullensvang Amatørkulturråd skal vera ein pådrivar for at det frivillige kulturlivet i den nye Ullensvang kommune skal stå sterkt og ha gode rammevilkår.

Ullensvang amatørkulturråd søkjer no etter ein sjølvstendig prosjektmedarbeidar som kan arbeide med kartlegging, informasjon og kommunikasjon til det frivillige kulturlivet i dei tre kommunene.
Prosjektstillinga utgjer ca 20 % med fleksibel arbeidstid.

Me ønskjer å knyte til oss ein medarbeidar som har eigne kontorfasilitetar og kan fakturere Ullensvang amatørkulturråd.
I fyrste omgang er stillinga eit prosjekt på 3 månadar med mulegheit for forlenging. Oppstart medio november.

Arbeidsoppgåver:

  • Opprette og drifte nettside og sosiale media
  • Kartleggje det frivillige kulturlivet i dei tre kommunane
  • Informere om Ullensvang amatørkulturråd og melde inn nye medlemmer.
  • Undersøkje søknadsmulegheiter for både privat og offentlig støtte til Ullensvang amatørkulturråd.
  • Arbeide med førebuing til ein kulturkonferanse medio våren 2019.

Me søkjer etter ein person som kjenner til det frivillige kulturlivet, har organisasjonserfaring frå frivillig arbeid og er oppteken av at kulturlivet er viktig for å skape gode samfunn.
Prosjektstillinga rapporterer til styret i Ullensvang amatørkulturråd.

For meir informasjon, kontakt styreleiar i Ullensvang amatørkulturråd:
Ragnhild Opedal Tveit: ragnhildopedaltveit@gmail.com  / tlf: 952 13 443


Søknad sendast Ullensvang amatørkulturråd på epost:
ullensvangamator@gmail.com -  innan 4. november 2018.

Sist endra 06.11.2018