Utlysing av tomter for sal i bustadfelt Svåsandshagen

3d-ill svåsandshagen.jpg - Klikk for stort bilete
Jondal kommune lyser ut 12 tomter i bustadfelt Svåsandshagen for sal. OPPDATERING: 2 TOMTER ER TILDELT.

Heile planområdet er på ca. 66,4 daa og ligg på søraustsida av Fv. 550 mellom Svåsand og Solesnes, om lag 6 km frå Jondal sentrum. Reguleringsplanen legg opp til 33 nye bustadtomter med tilhøyrande infrastruktur. Feltet blir bygt ut litt etter litt – det er dei 12 tomtene i byggjetrinn 1 som no er klare for sal.
svåsandshagen regplankart med tomtenummer  2 selde.jpg - Klikk for stort bilete


 


Prisliste:

prisliste svåsandshagen.jpg - Klikk for stort bilete


 

Reguleringsplan med plankart, (PDF, 2 MB) føresegner (PDF, 2 MB) og planomtale (PDF, 5 MB) er tilgjengeleg på kommunen si heimeside.
Sjå også gjeldande generelle retningsliner for sal av tomter i Jondal kommune (PDF, 601 kB).

Dei som alt har meldt interesse for tomtene vert no varsla direkte om utlysinga, og må senda skriftleg interesse.
Dersom det er fleire som ynskjer å kjøpa same tomt, vert denne tildelt etter loddtrekking.

Ved spørsmål kan de venda dykk til Jondal kommune ved Torkjell Tolo på telefon 53 66 95 22 eller epost torkjell.tolo@jondal.kommune.no.
Interesse for tomt meldast skriftleg på epost til post@jondal.kommune.no innan måndag 18.06.2018 klokka 12:00. Hugs å få med informasjon om kva tomt du ønskjer, eventuelt prioritert liste.

Etter denne første utlysingsrunden vert det fortløpande sal av resterande tomter.

Oppdatert info 20.06.2018:
Tomt nr 27 og 26 er no tildelt.

Publisert av Gro Heidi Åsen. Sist endra 20.06.2018