Utlysing av tilskot til kulturminnevern 2019

 Jondal kommune lyser ut tilskot til kulturminnevern for 2019. 

 Tilskotet skal stimulera til å ta vare på og sikra det lokale kulturmiljøet, både bygningar, andre kulturminne og kulturlandskapet som heilskap. Tilskotet kan òg stimulera til kunnskap om historia og gjera den meir tilgjengeleg.

Det er ikkje særskilt søknadsskjema. Krav til søknaden ligg i retningslinene (PDF, 145 kB) for ordninga.

Søknadsfristen er torsdag 14. november. Søknaden sendast til Jondal kommune, Folgefonnvegen 2, 5627 Jondal eller post@jondal.kommune.no

 
For spørsmål om ordninga, ta kontakt med Arnved Soldal Lund i Jondal kommune.
Publisert av Arnved Soldal Lund. Sist endra 01.11.2019