Totalforbodet mot bruk av open eld er oppheva

Informasjon - Klikk for stort bilete

Med bakgrunn i endra versituasjon og prognosar opphevar brannsjefen i Jondal forbodet mot bruk av all eld utandørs med verknad frå i dag, torsdag 14. juni.

Brannsjefen viser elles til at det generelle forbodet mot å gjera opp eld i terrenget i tida 15. april til 15. september gjeld. Det er likevel lov å gjera opp eld på stader der det openbart ikkje kan medføra brannfare.
All bruk av eld skjer på eige ansvar.

Når det gjeld bål på sankthans, skal desse meldast til brannvesenet.


Brannsjef Georg Kvåle

 

Relatert til https://www.jondal.kommune.no/nyheter/forbod-mot-open-eld-i-jondal-kommune.9554.aspx

Publisert av Gro Heidi Åsen. Ansvarleg Georg Kvåle. Sist endra 14.06.2018