Regionalt kulturfond

Regionalt kulturfond - Klikk for stort bilete

 

Hardangerkommunane deler ut kr 100.000,- i felleskap for å stimulera kulturutvikling i Hardanger.

Retningslinjer for søknadane er :

1. Nye tiltak skal prioriterast.

2. Det skal leggast vekt på at tiltaka fremjar regionalt samhald og samhandling, og såleis styrkjer Hardangerkjensla.

3. Tiltaka må femna om fleire kommunar og vera i Hardanger.
 
4. Det bør leggast vekt på at tiltaka fremjar næringsutvikling.
 
5. Krav til søknaden og sakshandsaminga: Søknadane må innehalda minst følgjande opplysningar:
a) Ansvarleg søkjar (person, ansvarleg selskap, frivillig organisasjon)
b) Skildring av tiltaket sin ide og målsetjingar
c) Budsjett
d) Finansieringsplan Dersom prosjektet går over fleire år , skal budsjett og finansieringsplan vera periodisert.
 
6. Avgrensingar Regionalt kulturfond skal som hovedregel ikkje nyttast som garanti for lån/ til lån eller som driftstilskot. Det kan som regel ikkje ytast tilskot ut over 1/3 av finansieringa.
 
7. Søknadsfrist er 01.06.2019
 
Søkand sendast til Hardangerrådet. Det er ikkje søknadsskjema
Publisert av Arnved Soldal Lund. Sist endra 04.06.2019