Norsk malurt - Artemisia norvegica

(Foto: Andrew Williams) - Klikk for stort bilete(Foto: Andrew Williams)

Agurknytt: Visste du at Jondal kommune har ein kommuneblom?

Kommuneblomen til Jondal er Norsk malurt, med det vitskaplege namnet Artemisia norvegica. Det er ei urt i korgplantefamilien som berre er funnen i Noreg, i nordre Uralfjella i Russland og i Nord-Skottland. Planten er lite utbreidd i Noreg, og rekna som ei av dei unisentriske fjellplantene. Her til lands veks han hovudsakleg i Dovre, Trollheimen og Sunndalsfjella, men er også funnen i Jondal og i Hjelmeland, Rogaland.

Bilete av funnet av norsk malurt i Jondal i 1962. Foto: Arne Handegard - Klikk for stort bileteBilete av funnet av norsk malurt i Jondal i 1962. Foto: Arne Handegard Funnet i Jondal
Funnet i Jondal vart gjort på Dåren 29.07.1962 av Arne Handegard, som då var skuleelev og skulle samla planter til eit skuleherbarium. Innsamlinga blei ikkje kjend før nesten 30 år seinare, då den vart sendt til Universitetet i Bergen i 1991. Funnet vart karakterisert som eit oppsiktsvekkjande nyfunn av norsk malurt på Vestlandet, og det vart gjort forsøk på å finna att lokaliteten. I juli 1992 vart planten funnen att på Vasslifjellet, i nordvest-kanten av det store høgfjellsområdet som utgjer mesteparten av Folgefonnhalvøya.

For meir om historia rundt funnet i Jondal, sjå tidskrift for Norsk Botanisk Foreining 1/1994 frå side 17 - sjå lenkje lenger nede i teksten.

Opphav og utsjånad
Norsk malurt kom truleg som ein tidleg innvandrar etter istida og etablerte seg der det vart tidlig isfritt. Etter kvart vart den utkonkurrert. Den norske malurta veks altså berre tre åtskilte stader i verda; Noreg, Storbritannia og i Ural i Russland. Norsk malurt er lågvaksen, 5–25 cm høg, og har flikete blad. Blomane ser ut som bleike prestekrageblomar der tungekronene er plukka bort. Dei har ein diameter på rundt 1 cm.


Kjelder:
Wikipedia
Tidsskrift for Norsk Botanisk Foreining, 1/1994

Publisert av Gro Heidi Åsen. Sist endra 17.07.2018