No kan du førehandsrøysta!

valgdirektoratet.jpg - Klikk for stort bilete

Frå og med torsdag 10. august til og med fredag 8. september kan du førehandsrøysta på Tenestetorget på kommunehuset.

Måndag 11. september er det stortings- og sametingsval. Det er også ekstraordinært kommunestyreval i nye Færder kommune. Du kan førehandsrøysta frå og med torsdag 10. august til og med fredag 8. september.

Kven har røysterett ved stortingsvalet?
Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2017 og som er, eller har vore, registrert i Folkeregisteret som busett i Noreg.


Førehandsrøysting
I Jondal kommune kan du førehandsrøysta på Tenetetorget, som ligg i første høgda på kommunehuset. Opningstida er måndag - fredag 10.00-13.30. Det vert også ettermiddagsope torsdag 31. august kl.15.00-18.00 og laurdagsope
2. september kl. 11.00-14.00.

Har du fått valkort, ta det med. Du treng ikkje valkortet for å røysta, men det kan spara deg for tid. Hugs å ta med legitimasjon!

For meir informasjon om valet, sjå www.valg.no eller ta kontakt med kommunen på telefon 53 66 95 00 eller e-post post@jondal.kommune.no.

 

Publisert av Gro Heidi Åsen. Sist endra 10.08.2017