Les dette før du tenner bål! Read this before you light a fire!

bal.jpg - Klikk for stort bilete Bålbrenning og grilling er hyggeleg både på tur og i eigen hage. Her finn du info om kva forholdsreglar du bør ta. Information available in english (PDF, 205 kB) and deutch (PDF, 211 kB).

Kva er generelt bålforbod?
I Noreg må alle visa aktsemd og opptre på ein slik måte at det ikkje oppstår brann. Dette gjeld alle, heile tida og over alt. I tillegg har vi eit generelt bålforbod i tida 15. april - 15. september. Då er det forbode å tenna opp bål og grill i eller i nærleiken av skog og anna utmark. Brannvesenet kan likevel gje løyve til å tenna bål viss du søkjer om dette. Sjekk alltid kva reglar som gjeld i din kommune før du tenner bål.

Stranda vil oftast reknast som utmark og vil då vera omfatta av det generelle bålforbodet. Viss ein likevel ønskjer å tenna bål eller grilla, må ein søkja om løyve frå kommunen. Sjølv om det er generelt bålforbod har du lov å tenna bål der det er opplagt at det ikkje kan medføra brann. Det skal svært mykje nedbør til for at det opplagt ikkje kan føra til brann.

Ved overtreding av aktsemdsplikta eller det generelle bålforbodet kan ein straffast med bot eller fengsel.

Kan eg grilla i eigen hage?
Viss ein skal grilla på områder som er langt unna skog og utmark, til dømes i hagar eller på tilrettelagte grill- og bålplasser i parkar, gjeld den alminnelege aktsemdsplikta. Dette innebærer at du må vera forsiktig, ansvarsfull og bålet må vera fullstendig sløkt før du forlet staden.

Viss du brukar eingongsgrill, må du hugsa å vurdera brannfaren mot underlaget. Under eingongsgrillen blir det varmt, og underlaget kan fort ta fyr eller bli skada av varmen. Set aldri grillen direkte på bakken.

Tips til trygg bålbrenning:
- Ta omsyn til skogbrannfare og vindtilhøve.
- Det er alltid den som brenn bål som har ansvaret for branntryggleiken.
- Det bør vera ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet.
- Bålet må vera i god avstand frå bygg og vegetasjon.
- Det er ikkje lov å brenna bål på svaberg.
- Bålet må ikkje vera større enn at du har kontroll på det og kan sløkkja ved behov.
- Ha eigna sløkkjemidlar lett tilgjengeleg.
- Det er forbode å brenna plast, bygningsmaterialar og anna søppel.
- Når du forlet bålplassen skal bålet vera heilt sløkt.

På skogbrannindeksen til www.yr.no kan du sjå om det er fare for skogbrann der du bur.
 

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Publisert av Gro Heidi Åsen. Sist endra 16.07.2018