Kongebesøk i Jondal tysdag 18. juni!

kongepar.png - Klikk for stort bilete

Besøket av kongeparet nærmar seg raskt. Vi håpar framleis på ei betring i værmeldinga for dagen, men vonar uansett at dagen vert ein folkefest av det minnerike slaget.

Programmet (PDF, 135 kB) startar kl 10, då kjem kongen i land frå kongeskipet. Det kan vera lurt å vera ute i god tid, då gata mellom Blomakroken og ferjekaien vil verta stengd. Det vil heller ikkje vera høve til å parkera på plassen utanfor Coop eller framfor Jondal Precision Industries.

 
Vi håpar på stort frammøte. Ta gjerne fram finstasen og flagget.
 
Det vert og andre aktivitetar i sentrum denne dagen. NRK Hordaland har sendinga si frå Jondal mellom kl 14 og 17 denne dagen.


 

Publisert av Ragnvald Joakimsen. Sist endra 15.07.2019