Kommunevalet - utlegging av manntal til offentleg ettersyn

val.jpg - Klikk for stort bilete

 

For å stemme må du stå i manntalet som er sett opp på grunnlag av folkeregisteret pr. 30. juni i valåret. 

Dette vil seie at dersom du melder flytting etter 30. juni i valåret, vert du ståande i manntalet i den kommunen/valkrinsen du flyttar frå. 

Manntalet for Ullensvang kommune er lagt ut til offentleg ettersyn på: 

  • Odda rådhus – biblioteket 
  • Kommunehuset i Jondal 
  • Heradshuset i Kinsarvik 

Manntalet vil liggje ute til ettersyn fram til valdagen 9. september 2019. Manntalet kan ikkje leggjast ut på Internett, jfr. folkeregisterlova § 13. 

Krav om retting av feil skal stilast til: 

Valstyret i Ullensvang kommune, Opheimsgt. 31, 5750 Odda
eller post@odda.kommune.no 

Alle med stemmerett som er innført i manntalet i kommunen, og som er registrert med bustadadresse innanriks, skal motta valkort innan den ordinære førehandstemminga startar 12. august 2019. 

Publisert av Ragnvald Joakimsen. Sist endra 15.07.2019