Julehelsing frå ordføraren

god-jul.jpg - Klikk for stort bilete

 

Året 2019 er på mange måtar historisk. I juni opplevde vi ein historisk festdag då kongeparet vitja kommunen på offisielt besøk for første gong. Det trur eg vart ei positiv oppleving som alle som deltok vil hugsa. Det er og hyggeleg å merka seg at investeringane som skjer i kommunen truleg aldri har vore større, anten dei skjer i privat eller offentleg regi. Og til sist det historiske ved at Jondal opphøyrer som eigen kommune frå nyttår etter 174 år på eigne bein. 

 Noko nytt

Då vert vi altså ein del av den nye Ullensvang kommune. Det vert spennande å sjå den nye kommunen utvikla seg vidare. Basistenestene vil vera å kjenna att frå før, og den kommunale kvardagen vil gå sin gang og frå årsskiftet. På det administrative planet er endringane større, og det vil trenga litt lenger tid for å gå seg til. Informasjon om kvar ein skal venda seg om ulike spørsmål i den nye kommunen, vil ein finna på den nye heimesida til kommunen som er aktiv frå nyttår. I det å skapa ein ny kommune ligg det og målsettingar om fornyiing, men dette vil naturleg nok ta noko lenger tid å innarbeida.

Det er tre veldrevne kommunar som slår seg saman. Med eit godt økonomisk utgangspunkt, og med eit allsidig næringsliv og driftige folk, lovar det godt for framtida.

Ny kommune angår ikkje berre kommunale tenester og kommunal organisering. Over tid vil den og setta sitt preg på lag, organisasjonar og næringsliv. Resultatet vil verta det vi byggjer i lag. Lukke til med arbeidet!

Tusen takk

For meg personleg vert det og historisk ved at mi tid i lokalpolitikken har kome til ein ende. Eg vil difor og få takka for den tilliten som er vist meg gjennom tre valperiodar, og 10 år som ordførar, og takka både tilsette, politikarar og innbyggjarar for samarbeidet i desse åra.

God jul og godt nyttår til alle, og velkommen inn i Ullensvang kommune frå 2020.

 

Jon Larsgard

ordførar

Publisert av Arnved Soldal Lund. Sist endra 20.12.2019