Informasjon til føresette til barn i Jondal barnehage

visma flyt barnehage.png - Klikk for stort bilete

Gjeld søknad om barnehageplass frå og med hovudopptaket 2019.

Frå og med barnehageopptaket 2019 (hovudopptak) vil søknad om barnehageplass i Jondal kommune gjerast via Visma Flyt Barnehage sin føresettportal. Det gjeld om du søkjer for første gong eller om du søkjer endring av plasstype. Dette informasjonsskrivet vil gje deg informasjon om korleis du loggar deg på føresettportalen, og korleis du i portalen legg inn søknad om barnehageplass.

Her på nettsida til Jondal kommune ligg linken direkte til Visma Flyt Barnehage sin føresettportal under fana Sjølvbetening og skjema, Søknad om barnehageplass. Ved å klikka på denne linken, kjem du til innloggingssida i føresettportalen. Du loggar deg inn med elektronisk ID via ID-porten.

Søknadsportalen/linken vil vera aktiv frå 2. januar 2019.

I føresettportalen har du høve til å velja anten bokmål, nynorsk eller engelsk som språk.

Søknad om barnehageplass har fem trinn, kor du som søkjer må fylla inn informasjon:
- Opplysningar om barnet
- Fødselsnummer
- Namn
- Kontaktopplysningar om føresette
- Relasjon til barnet
- Mobiltelefonnummer
- E-postadresse
- Legg ev. til medsøkjar
- Vel barnehage
- Ynskt oppstartsdato
- Evt. barnehagar i prioritert rekkjefølgje
- Plasstype
- Andre opplysningar
- Morsmål
- Kriterium for opptak barnet fyller
- Dokumentasjon for kriterium der dette er krav
- Andre relevante opplysningar
- Kontrollskjema
- Kontroll av opplysningar i søknad
- Innsending av søknad

Søknaden sendast elektronisk, direkte frå føresettportalen, til Visma Flyt Administrasjonsløysinga til barnehage for opptakstyresmakta til kommunen. Når søknaden er sendt, vil du motta ei stadfesting på den e-postadressa du har lagt inn i søknaden.

Dersom du har behov for hjelp til å fylla ut søknad i føresettportalen, kan du henvenda deg til styrar Unni Berle Vilkensen kontor 53 66 95 90 / mobil 417 61 852 eller på epost til unni.berle.vilkensen@jondal.kommune.no

Publisert av Gro Heidi Åsen. Ansvarleg Olaug Værland. Sist endra 18.12.2018