Informasjon om kongebesøket i Jondal 18.juni.2019

 Foto: Jørgen Gomnæs/Det kongelige hoff - Klikk for stort bilete Me er så heldige dette året at me skal få besøk av kongeparet som skal på tur til Hordaland 18.-20. juni. Første besøket er i Jondal, før dei reiser vidare til Odda, Ulvik, Granvin og Askøy. Dei kjem med kongeskipet, og det er sett av ein og ein halv time føremiddagen den 18. juni  til besøket i Jondal.

Det er første gong dei er på offisielt besøk til kommunen vår.

Planlegginga av besøket har starta opp, og me har ein arrangementskomitè som består av rådmann Reidar Isdal, Kristine Drake frå Frivilligsentralen, landsbylos Åsmund Bakke og ordførar Jon Larsgard. Fleire vil verta involverte etter kvart som planlegginga går fram.  Besøket skal planleggjast i samråd med både fylkesmannen og hoffet, og dei kjem hit i begynnelsen av mai for å gå gjennom planane.
Før den tid vil ein ikkje gå ut med detaljar om kva besøket vil innehalda.

Me legg opp til at besøket skal vera ein folkefest som innbyggjarar og besøkande skal få ta del i, og at det vert lokalisert til sentrum i Jondal. Målet er å presentera kommunen best mogeleg med omsyn til historie, næringsliv og vår identitet. Det er meir enn nok å ta av, og største problemet vert nok å velgja ut kva me vil presentera. Set av dagen alt no, og ver med å presentera Jondal frå si beste side.

 

Ordførar er kontaktperson for arrangementet.

Sist endra 30.04.2019