Informasjon om kongebesøket 18.juni

kongepar.png - Klikk for stort bilete Jondal kommune hadde eit såkalla «fortroppsbesøk» 2.mai med deltaking frå hoffet, kongeskipet, fylkesmannen, tryggleikstenesta og politiet der ein gjekk gjennom dei førebelse planane for besøket.

Foto: Sølve Sundsbø / Det kongelige hoff - Klikk for stort bileteFoto: Sølve Sundsbø / Det kongelige hoff


Jondal kommune fekk positive tilbakemeldingar på det arbeidet som er gjort og rammene for besøket, og viktige avklaringar for vidare detaljplanlegging.

Besøket vert organisert slik at det er kongeparet sitt møte med folket som vil ha hovudfokus.

Dei vil koma i land på gjestebryggja og ønskt velkommen der, og køyrer deretter bil til Juklafjord der resten av arrangementa vil foregå på uteområda, som alle frammøtte kan ta del i. Der vil dei verta presenterte for viktige delar av Jondal si historie, næringsliv og det som er særeige for oss. Det vil verta bygd ein enkel scene for ein bolk med kulturinnslag, talar og helsingar.

Me vonar folk ønskjer å vera med denne føremiddagen 18. juni på den historiske hendinga dette er og gjera den til ein festdag i kommunen. Det er hyggeleg med deltaking av småbåtar på fjorden når kongeskipet kjem, og elles i sentrum under heile besøket den halvanna timen dette varer. Me vonar me får vist fram Jondal frå si beste side denne dagen, og den er eit godt høve til å finna fram finstasen.

Kong Harald og Dronning Sonja.
Publisert 22.01 2011. 
 
 
Sist endra 09.05.2019