Frivillige lag og organisasjonar kan no søkja om momskompensasjon

søk momskomp.jpg - Klikk for stort bilete

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordela 1,4 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2018.

illustrasjon momskomp 2018.PNG - Klikk for stort bilete Mange som ikkje søkjer
Erfaring frå tidligare år viser at det finst mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon. Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar, t.d. Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund. Slike såkalla underledd skal senda inn søknad gjennom sentralleddet sitt. Søknader frå underledd som kjem direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet blir avviste.


Ønskjer å nå fleire
Det er også ein del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, t.d. organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar.
De kan lesa meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonar på nettstaden til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Her finn du også søknadsskjema. Dersom de lurer på noko, ta kontakt med dei på e-post postmottak@lottstift.no eller telefon 57 82 80 00.

Minstegrenser
For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 200.000 kroner i totale driftskostnader, mens minstegrensa etter dokumentert søknadsmodell er 14.000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkjast kompensasjon for. Underledd treng ikkje ta omsyn til minstegrensene fordi dei er med i søknaden frå sentralleddet.

Søknadsfristar
Frist for å søkja til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september 2018.
Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

Publisert av Gro Heidi Åsen. Sist endra 12.06.2018