Feil i faktura - kommunale avgifter

kommunevåpen stor (Medium).jpg - Klikk for stort bilete

Faktura for  kommunale avgifter for vatn og kloakk er feil for 1. halvår 2017. Dette gjeld dei som er knytt til kommunalt vassverk og kommunalt avløpsanlegg. Faktura for renovasjon og slamtøming er rett.

Dei som har fått faktura som gjeld avgifter for vatn, avløp og renovasjon har fått feil beløp på sin faktura og vil få tilsendt kreditnota og skal ikkje betale før det vert sendt ut ny korrigert.

​Dei som har fått faktura som berre inneheld renovasjonsavgift og avgift for slamtøming har fått rett faktura og kan betale denne.

Jondal kommune teknisk og næring beklagar feilen.

Publisert av Ragnvald Joakimsen. Sist endra 08.09.2017