Er du kunstnar med tilknyting til Hardanger?

image.png - Klikk for stort bilete Kunstnarbustaden i Berlin i 2020: Av uføresette årsaker er husværet ledig i oktober 2019, november 2019 og desember 2019, og vert i desse månadane lyst ut til kunstnarar som bur i eller har tilknyting til Hardanger.

 

Denne utlysinga vil føregå slik: Dei som søkjer fyrst, får fyrsterett. Søknaden treng ikkje vera omstendeleg.

Ordninga vart oppretta av Hardangerrådet i 2009. Frå hausten 2016 overtok Hardanger Kunstlag, på vegne av eit spleiselag som består av alle kommunane i Hardanger, Kunstnarhuset Messen, Harding Puls, HardingarT og Lærdal næringsutvikling ansvaret for artist-in-residence-ordninga Hardanger – Berlin.

I 2019 går HardingarT ut av spleiselaget. Frå 2020 vil Eidfjord kommune og Hardangerrådet vera delaktige i administrering av ordninga. Ordninga baserer seg på same modell som mellom anna Bergen, Trondheim og Stavanger kommune nyttar.

Her finn du all informasjon og søknadsskjema for opphald i Hardanger-Berlin husværet 2020:

 
 
Søknadsfrist er 1.september 2019
Sist endra 26.09.2019