Er du kunstnar med tilknyting til Hardanger? No kan du søkja om opphald i 2020

image.png - Klikk for stort bilete

HARDANGER

SIN KUNSTNARBUSTAD I

BERLIN



 

Ordninga vart oppretta av Hardangerrådet i 2009. Frå hausten 2016 overtok Hardanger Kunstlag, på vegne av eit spleiselag som består av alle kommunane i Hardanger, Kunstnarhuset Messen, Harding Puls, HardingarT og Lærdal næringsutvikling ansvaret for artist-in-residence-ordninga Hardanger – Berlin.

I 2019 går HardingarT ut av spleiselaget. Frå 2020 vil Eidfjord kommune og Hardangerrådet vera delaktige i administrering av ordninga.

Ordninga baserer seg på same modell som mellom anna Bergen, Trondheim og Stavanger kommune nyttar.

Her finn du all informasjon og søknadsskjema for opphald i Hardanger-Berlin husværet 2020:

 
 
Søknadsfrist er 20.august 2019
Sist endra 19.06.2019