Ein vegvisar ved vald og overgrep - dinutvei.no

utsatt-kategori-minicenter-639x289.jpg - Klikk for stort bilete

Vald i nære relasjonar, overgrep og valdtekt kan ramma menneske uansett alder og kjønn. Ikkje alle veit kva slags hjelp dei kan få eller kor hjelpa finst. Mange ønskjer også meir kunnskap om vald og overgrep.

Portalen dinutvei.no er ein del av regjeringa sin innsats for å førebyggja vald i nære relasjonar. Det er ein nasjonal nettportal som gjev oversikt over ulike hjelpetilbod. Nettportalen gjev oversikt og informasjon til utsette for vald, overgrep og valdtekt, pårørande og uroa, dei som utøver vald og til fagpersonar.Her finn du også informasjon, fagstoff og ei spørsmål- og svarteneste kor du kan stilla spørsmål og få svar anonymt.

dinutvei.no er utvikla av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) i samarbeid med Regionale ressurssentra om vald og traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS), Krisesentersekretariatet og Norske kvinners sanitetsforening (N.K.S) på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Publisert av Gro Heidi Åsen. Sist endra 05.01.2018