Brøyting for private

brøyting med traktor.jpg - Klikk for stort bilete

Jondal kommune har tidlegare sendt ut brev der det blir opplyst om at brøyting for private vert avslutta med verknad frå sommaren 2019.


 

Kontraktane med dei private har vore for brøytesesong, samtidig som fakturaen har vore for kalenderår. Det fører til at kommunen har teke betalt for heile 2019 samstundes som at avtalen om brøyting er oppsagt med verknad frå sommar 2019.

Jondal kommune brøyter og strør difor for dei private, på same måte som tidlegare, fram til og med 31.12.2019. 

Jondal kommune har avtale med fylgjande brøytarar, og desse kan ein eventuelt kontakta dersom ein ynskjer tilbod på brøyting vidare:
 
Kysnes - Reidar Hammer
Torsnes - Hans Sigvard Galtung
Jondal - Jo-Bjørnar Håvik og Sverre Ivar Træet
 
 
- Teknisk
Publisert av Andrea Børve. Ansvarleg Teknisk. Sist endra 04.11.2019 15.33