Årskort på Fonnavegen

bom-crop.jpg - Klikk for stort bilete Rutinar for kjøp av årskort på Fonnavegen.

Årskort
Kontakt Jondal kommune v/teknisk og næring, fyrste høgda kommunehuset. Du kan også kontakta oss på telefon 53 66 95 00 eller e-post post@jondal.kommune.no

Du vert registrert med namn og registreringsnummer og får utdelt eit elektronisk kort til bruk i automaten. Betaling skjer med bankkort når ein får utlevert årskortet.
Pris for årskort 2018:  kr. 1000,-

Ynskjer du å fornya årskortet, send ein e-post med namn på korteigar og nummeret på kortet. Me oppdaterer kortet ditt og sender faktura.

Bruk
Bomstasjonen har eigen søyle for årskort (oransje søyle).
Kortet har namn, registreringsnummer og ein unik talkode. Kortet skal haldast opp framfor sensoren på automaten.
Kortet skal leggjast i frontruta, med namn og nummersida lett synleg for kontrollen si skuld.
Me gjer merksam på at dersom ein ikkje kan framvisa kortet ved kontroll, vil ein verta ilagt gebyr.
Kortet gjeld for 1 bil.

Dagskort (betalingsautomat)
Prisar som gjeld for 2018:

Personbil frå og med 01.01.18 til og med 31.03.2018………….…….. kr.  50,-
Personbil frå og med 01.04.2018 til og med 31.10.18………..………. Kr.100,-
Personbil frå og med 01.11.18 til og med 31.12.18……………….…....kr.  50,-
Buss heile 2018.....................................................................................kr.150,-

 

Vel bil eller buss med den gule knappen, få ut billetten med den grøne knappen. 

Publisert av Andrea Børve. Sist endra 22.01.2018