Informasjonsmagasin om dei ulike alternativa

Hardangerfjorden - Klikk for stort bilete Kommunane i Hardanger har fått utarbeidd informasjonsmagasin om dei ulike alternativa i kommunestrukturspørsmålet.

Jondal kommune inngår i to ulike magasin. Eit som omfattar begge alternativa som Jondal kommune inngår i. Dette magasinet inneheld informasjon både om det såkalla "Sør-alternativet" som omfattar Jondal, Odda og Ullensvang og "Jondal-Kvam-alternativet". I tillegg er det informasjon om "0-alternativet", dvs å halde fram som eigen kommune. Dette magasinet blir distribuert til alle husstandar i Jondal kommune).

I tillegg er Jondal kommune også omtala i eit magasin som berre omfattar "Sør-alternativet"

Du finn alle magasina ved å følgje lenka under.​
 

Publisert av Ragnvald Joakimsen. Sist endra 16.06.2016