Informasjon om kommunestrukturprosessen

Middels stort bilde av kommunevåpenet for 1227 Jondal kommune - Klikk for stort bilete

 

 Her vil du finna informasjon, dokument og saker vedr. kommunereforma.

Hardanger liggande farge - Klikk for stort bilete Administrativ utgreiing
Den administrative utgreiinga av to moglege kommunesamanslåingar mellom a) Ullensvang, Odda og Jondal, og b) Odda, Jondal og Kvam, vart lagt fram for alle kommunestyra i Hardanger den 22. juli på møte i Eidfjord.

Rapporten er tilgjengeleg for nedlasting i pdf-format her (PDF, 3 MB)


Intensjonsavtalane
​Det har vore forhandla i høve til to ulike alternativ. Det såkalla "Sør-alternativet" med Jondal, Ullensvang og Odda, og alternativet mellom Jondal og Kvam. For begge alternativa er det nå forhandla fram ferdige intensjonsavtalar. Du finn avtalane ved å følgje lenkene under.​

Intensjonsavtale Jondal og Kvam (PDF, 352 kB)

Intensjonsavtale Jondal, Ullensvang og Odda  (PDF, 376 kB)   
 

Begge avtalane vart godkjende av kommunestyret i møte 16.03.2016.

 

Folkerøysting
Kommunestyret har bestemt at det skal haldast folkerøysting om kommunesamanslåing i Jondal kommune. Først vart det bestemt at valdagen skulle vere 25. april, men det har seinare blitt endra til 23. mai.

Valkort og legitimasjon
​Det blir ikkje sendt ut valkort i samband med dette valet.
Ta med legitimasjon. Dette gjeld både om du skal førehandsrøyste eller om du vil avgje stemme på valdagen.

Førehandsrøysting
​I forkant av valdagen er det ein periode der ein kan førehandsrøyste på kommunehuset i Jondal. Førehandsrøystinga vil ta til måndag 2. mai.

Alle røysteføre kan førehandsrøyste på kommunehuset i perioden 02.05.2016 – 20.05.2016.
Kvardagar                                 10.00 - 13.30
Torsdag 12.05.2016                 10.00 – 18.00
Laurdag 14.05.2016                 11.00 – 14.00

Det blir førehandsrøysting på sjukeheimen Vikevollen.
Onsdag 18.05.2015                 10.30 – 12.30

Røysteføre i Jondal kommune som grunna sjukdom eller at dei er uføre, kan søkje om å få førehandsrøyste heime eller der dei elles oppheld seg. Frist for å søkje om dette er tysdag 10.05.16.
Evt. søknad om dette sendast til:
Valstyret i Jondal kommune
Kommunehuset
5627 Jondal

Røysting på valdagen
Valdagen er måndag 23. mai 2016. Då vil det som ved vanlege val vere opne røystelokale i Jondal, Herand og Kysnes​.
Opningstidene for dei ulike lokala er som følgjer:​

Krins

Lokale

Tid

Jondal

Jondal skule

10.00 – 19.00

Herand

Herand kulturhus

13.00 – 17:00

Kysnes

Ungdomshuset på Kysnes

13.00 – 17.00

 

Informasjonsmagasin

Kommunane i Hardanger har fått utarbeidd informasjonsmagasin om dei ulike alternativa i kommunestrukturspørsmålet.

Jondal kommune inngår i to ulike magasin. Eit som omfattar begge alternativa som Jondal kommune inngår i. Dette magasinet inneheld informasjon både om det såkalla "Sør-alternativet" som omfattar Jondal, Odda og Ullensvang og "Jondal-Kvam-alternativet". I tillegg er det informasjon om "0-alternativet", dvs å halde fram som eigen kommune. Dette magasinet blir distribuert til alle husstandar i Jondal kommune).

I tillegg er Jondal kommune også omtala i eit magasin som berre omfattar "Sør-alternativet"

Sjå nedanfor under "Kommunal informasjon" for å lese alla fire magasina.​

 

Folkemøta og ungdomsmøt​et

Det har gjennom prosessen vore 2 folkemøte og eit informasjonsmøte for ungdom.
Nedanfor, under kommunal informasjon, finn du dei presentasjonane som vart viste på desse folkemøta.​

 

Rådgjevande folkerøysting

23. mai 2016​ vart det helde rådgjevande folkerøysting  i Jondal kommuneom kommunesamanslåing. Resultatet av denne folkerøystinga finn du her.


 


 

Sist endra 06.06.2016

Kontakt

Jon Larsgard
Ordførar
Telefon: 53 66 95 02
Telefon: 928 43 671