Produktet Jondalsokken

Behovet for eit jondalsprodukt har dukka opp med jamne mellomrom. Ideen om at det kunne vera sokkar fekk Kristi Skintveit på strikkekafèen i Jondal. Idêen er og knytt til Erling Vik sitt sokkedikt.

Mønster og utforming er inspirert av ein gamal suvenir for Jondal, ein støypt skistøvel med synleg sokkebrot, Jondal som innfallsport til Folgefonna og ikkje minst strikkekunsten i seg sjølv.

Kristi Skintveit har fått delt 1. pris for dette produktet på handverksutstilling i Telemark. Gratulerar!

Fotograf: Kristi Skintveit
Jondalsokken fotograf Kristi Skintveit