Jondal Idrettslag
Jondal Idrettslag

Jondal Idrettslag med ny heimeside

I juni starta Jondal Idrettslag opp med ny heimeside. Der vil du finne informasjon om aktivitetane i Idrettslaget, og det vil vere særleg fokus på å få med mange bileter frå det som skjer.

Det er leiar i idrettslaget, Trygve Baggegård Myrlid, som har gjort ein særskilt innsats for å få den flotte heimesida på plass. Lurar du på når neste fotballkamp vil finne stad, eller kor den neste organiserte fjellturen skal gå er dette sida for deg. Det er også ei eiga gjestebok der du kan skrive dine kommentarar vedkomande heimesida. Sjekk ut sjølv på www.jondalidrettslag.com

Vi gratulerar med flott heimeside!