Kulturpris
Kulturpris

Jondal kommune sin kulturpris gjekk til Georg Kvåle

Georg Kvåle mottok kulturprisen under Handverksmessa, til jubel frå jondølingar og tilreisande. Prisen skal vera ein inspirasjon og ein takk frå kommunen. Vi gratulerar så mykje!

Jondal kommune sin kulturpris vart delt ut for sjette gong, då Georg Kvåle mottok diplom, blomar og ein sjekk på 10. 000 kroner. Prisvinnaren sjølv byrja å ane at noko var i emning like før prisutdelinga, då folk nytta ulike triks for å opphalde han, etter at han hadde avslutta ein lang dugnadsøkt som vakt under Handverksmessa.

Dei skriftlege framlegga på kandidatar til årets kulturpris, blei gjennomgått av Hovudutval for Oppvekst og Levekår som sto som jury. Ordførar Jon Larsgard påpeikte i sin tale at utvalet ikkje hadde problem med å finne ein prisvinnar mellom fleire verdige kandidatar. Georg Kvåle skilde seg ut gjennom antal framlegg og i dei positive ordelaga som blei han tildel. Ordføraren påpeikte at Kvåle har hatt ei stor breidde i sitt engasjement, men at det særleg er innan idretten at han har utført ein stor innsats gjennom mange år. Kvåle har gått føre som eit godt eksempel, og har påteke seg eit stort ansvar.

Kvåle har hatt tillitsverv i Jondal Idrettslag sidan 1986, har vore eldsjel for lysløypa og skihuset, arrangør av lysløyperenn, trenar i fotballgruppa, trenar for styrketrening, han har arrangert fjellturar for Folgefonn 4H og han har vore sterkt engasjert i bygginga av kunstgrasbana, mellom meir. Ein av dei som hadde årets kulturprisvinnar som den soleklare kandidaten, skreiv: "Han er ein person som gjev mykje av seg sjølv og kan kallast ei ekte eldsjel. Han har evne til å få andre med seg, er positiv og løysningsorientert. Som trenar er han ikkje berre opptatt av å få fram vinnarar, men det viktigaste er å få folk i aktivitet, om det dreier seg om ski, fotball eller fjellturar... Utan eldsjelar som han ville me vore fattig på aktivitetar og opplevingar."

Ordførar Jon Larsgard sa også i sin tale at frå statleg hald er det blitt understreka at den økonomiske verdien av den friviljuge innsatsen er enorm. Men Larsgard understreka at det er umogleg å setje ein prislapp på dei sosiale og kulturelle ringverknadane. Korleis hadde det vore å  bu i Jondal utan korpsmusikk i 17. mai-toget, og utan tilropa ved kunstgrasbana under trening og kamp? For ikkje å snakke om Handverksmessa, som ikkje hadde eksistert utan engasjementet og det flittige arbeidet til den harde kjerna av dedikerte samt alle dei som er engasjert i dugnad på ein eller annan måte.

Då Kvåle mottok prisen, retta han ei særskilt takk til sin eigen familie som let han nytte så mykje av tida til dette dugnadsarbeidet. Vi gratulerar igjen eldsjelen Georg Kvåle med kulturprisen!