Galleri

Kart over Jondal kommune
Jondal - oversikt

Fakta for dagen

 
  Visste du at Jondal sitt areal er 206 km2?
  -

Dagens fakta

Søk

   

HPV-vaksine til unge kvinner

hpv-vaksine.jpg - Klikk for stort bilete Alle kvinner fødd i 1991 og seinare får frå november 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig program. No er vaksinasjonsprogrammet starta opp i Jondal kommune.

Vaksinen anbefalast til unge kvinner for å førebyggja livmorhalskreft og forstadier til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

Plan for vaksineringa
HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7. klasse sidan 2009.
Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner fødd 1991 og seinare også få tilbod om gratis HPV-vaksine.

Tilbodet er mellombels, og varer i ein toårsperiode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedosar gitt i løpet av 6-12 månader og må difor startast opp innan utgongen av 2018.

Vaksinasjonsprogrammet er starta opp i kommunen, og her ser du ei oversikt over korleis du går fram for å få vaksinen:

  • Elevar som går på ungdomsskulen kan bestilla time på SMS til helsesøster, tlf.: 46893207
  • Elevar som går på vidaregående skule kan bestilla time på SMS til helsesøster, tlf. 46893207
  • Jenter mellom 16-19 år som ikkje går på skule kan vaksinerast ved helsestasjon eller legekontor. Time kan bestillast på telefon nr. 53675385 / 53675380
  • Kvinner som er 20-25 år kan vaksinerast ved Jondal helsestasjon eller legekontor. Timebestilling på telefon nr. 53675385 / 53675380
  • Helsetenesta for flyktningar, asylsøkjarar og familiegjenforente gjev tilbod til målgruppa som dei har kontakt med. Besøksadresse Jondal legekontor og Jondal helsestasjon


Kan føra til livmorhalskreft
HPV–infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, dei fleste av desse i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokon får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føra til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65-100 døyr av sjukdomen. Vaksinasjon kan gje beskyttelse sjølv om ein har debutert seksuelt.


Les meir på folkehelseinstituttet sine heimesider.

Publisert av Eldbjørg Hammer. Sist endra 21.12.2016
   

Kontaktinformasjon

Tenestetorget
Kommunehuset
5627 Jondal
E-post : postmottak@jondal.kommune.no
Telefon
: 53 66 95 00

Faks
: 53 66 95 10
Org.nr.
: 944 439 927
(Kommunenr)
: 1227
Opningstid
: 10.00 - 13.30

Kva skjer?

oktober 2019
må.ty.on.to.fr.la.sø.
30123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031123
45678910
Komande hendingar

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Login for redigering Login for redigering