Viktig informasjon om stenging av matrikkel og grunnbok

matrikkelen ill.png - Klikk for stort bilete

I samband med gjennomføring av kommune- og regionsreforma vert matrikkelen og grunnboka stengt i periodar i desember 2019.

Matrikkelen og grunnboka vert stengt for all oppdatering i alle kommunar i landet i følgjande tidsrom:

Matrikkelen: 13.12.19 kl. 18:00 – 01.01.20 kl. 24:00 (totalt 9 virkedagar).
Grunnboka: 27.12.19 kl. 20:00 – 01.01.20 kl. 24:00 (totalt 1 virkedag).


For å redusera risikoen og sikra kvaliteten på gjennomføringa, oppmodar Kartverket kommunane til å i størst mogleg grad behandla ferdig alle saker som skal sendast til tinglysing innan 29. november.


Særleg om føring av konsesjonsopplysningar
Stenginga av matrikkelen inneber også at konsesjonsmodulen vert stengt for registrering av konsesjonsvedtak og eigenfråsegn om konsesjonsfritak. Alle eigenfråsegnsskjema som kommunen har fått inn og stadfesta tidlegare, og alle konsesjonsvedtak som er gjort, må vera registrert i konsesjonsmodulen innan fredag 13. desember kl. 18:00.


Kommunen må organisera arbeidet med eigenfråsegner som kommunen får inn og konsesjonsvedtak som blir gjort i tidsrommet 13.12.2019 – 01.01.2020. Kontakt kommunen for rettleiing i denne prosessen.

Publisert av Gro Heidi Åsen. Sist endra 20.11.2019