Påmelding til Beintøft 2019

beintøft2019.jpg - Klikk for stort bilete

Foto: Melisa Fajkovic
 

For femte året på rad er det klart for Norges største gå-til-skulen-aksjon, Beintøft.
 

Frå 2.-29 september, skal barneskuleelevar (1.-7. klasse) over heile Norge konkurrera mot kvarandre om å komme seg til og frå skulen på den mest miljøvennlege måten.
Formålet er å inspirera til å la bilen stå ved å gå, sykle eller ta kollektivt. 

Årets hovudtema er «Gå sammen for framtida», som skal reflektere at barn over heile landet samlast om å gjere eit tiltak for ein grønnare kvardag. Undervegs i konkurransen vil det bli presentert eit nytt tema for kvar veke, med mange spennande oppgåver som skal løysast i fellesskap.

Dei beste klassene vinn fine premiar, som skal bidra til vidare miljøvennleg aktivitet og komme heile klassen til gode.

  • Nasjonal vinnar: 30 000 kroner til årets tøffaste klasse
  • Beste klasse per trinn: 1.-7. klasse: 5000 kroner
  • Beste klasse per fylke: 5 000 kroner

Kvar veke blir det delt ut 2000 kr til vinnar av kreative vekesoppdrag:
Ein vinnar i 1.-2. trinn, ein vinnar i 3.-4. trinn og ein vinnar i 5.-7. trinn.
 

Gå inn på www.beintoft.no for meir informasjon om påmelding.

Sist endra 06.08.2019