Besøket av Kongeparet

Me ønskjer på denne måten å retta ein takk til alle som bidrog til at besøket av Kongen og Dronninga vart akkurat ein slik minnerik, folkeleg markering som me håpte på.

Det gjeld alle som bidrog med alt frå praktisk tilrettelegging, pynting, planlegging, presentasjonar, underhaldning og til alle dei frammøtte som var med å skapa den gode ramma rundt besøket.

Det har vore svært hyggeleg å få postive tilbakemeldingar frå så vel publikum som slottet sjølv. Ikkje minst har mange merka seg heile skulen i si deltaking i programmet frå scenen.

For Fylkesturen 2019 som heilskap vart det framheva korleis programma var ulike frå kommune til kommune, samstundes som dei presenterte særtrekka og skilnadane mellom dei på ein god måte.

 

Slottet si skildring av besøket og bilete frå Fylkesturen 2019 kan de sjå på denne lenka.


Screenshot_1.jpg - Klikk for stort bilete Jarand Selsvik og Julia Lothe Midthun ønskte Kongeparet velkommen.

Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Sist endra 22.08.2019