Nytt kommunevåpen for Ullensvang kommune

Planen er klar – Det nye våpenet skal vere basert på Ullensvang herad sitt noverande. Det har det politiske fleirtalet i dei noverande kommunane bestemt.

Liljevåpenet er våpenskjoldet frå Aga slik ein finn det på gravsteinen til riddaren, riksråden og gulatingslagmannen Sigurd Brynjulvsson (1240-1303).

Det er viktig å hugse på at eit kommunevåpen er eit symbol på offentleg makt. Det representerer kommunen som avsendar. Kommunevåpenet er ikkje merkevarebygging av ein region, det er ikkje ein logo vi skal ha. Soleis passer arven etter Sigurd Lagmann godt. 
 

Publisert av Ragnvald Joakimsen. Sist endra 17.06.2019