Eigedomsskatt i Ullensvang kommune

 Odda kommune, Ullensvang herad og Jondal kommune vert samanslått til Ullensvang kommune frå 2020.

Fellesnemnda vedtok i sak 021/18 at Ullensvang kommune skal skriva ut eigedomsskatt etter eigedomsskattelova § 3 d. Dette alternativet inneber at det vert skrive ut eigedomsskatt på næringseigedom, kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum. Eigedomsskatt er eit årleg budsjettvedtak i kommunestyret.

Utskriving av eigedomsskatt er gjort for å styrkja kommuneøkonomien, og medverka til at kommunen kan oppretthalda eller betra tenestetilbodet til innbyggjarane.

Ullensvang herad hadde frå 2014 – 2019 eigedomsskatt på alle faste eigedomar. I ny kommune frå 2020 vert det ikkje skrive ut eigedomsskatt på bustader og hytter i tidlegare Ullensvang herad. Odda kommune og Jondal kommune hadde før kommunesamanslåing eigedomsskatt på “verk og bruk”. Dei får ved overgang til ny kommune utvida til all næringseigedom. 

Meir informasjon finn du her.

Publisert av Ragnvald Joakimsen. Sist endra 17.06.2019