Etablerarordningar
Både gründarar og etablerte bedrifter har høve til å søkje det kommunale næringsfondet. Opplysingar om det kommunale næringsfondet finn du her. Hardanger har også eit regionalt næringsfond, som du finn meir informasjon om her.
Kva kan me hjelpa deg med?
- rettleiing til søknadsskriving
- fyrstelineteneste som vegleiar deg vidare i systemet
- gratis etablerarskule og rådgjeving gjennom Hardangerrådet
- oversikt over tilgjengelege tomter og næringslokale
- oversikt over kven ein kan kontakte for å få hjelp til finansiering, produktutvikling, forsking, kurs, nettverksbygging og andre ting du kan trengje.
Ta kontakt allereie når du vurderar å starte for deg sjølv. Me vil vera ein samtalepartnar og skal gjera vårt beste for å hjelpa deg vidare. Våre tenester er gratis.
Kontaktinformasjon
Landbruk/skogbruk: Svein Torger Guntveit, 53 66 95 23
svein.torger,guntveit@jondal.kommune.no