Kontaktinformasjon
_
_
Tenestetorget
Kommunehuset
5627  Jondal
 
E-post : post@jondal.kommune.no
 
 
Telefon : 53 66 95 00
Faks : 53 66 95 10
_
Opningstid : 09.00 - 15.00
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Velkommen til Jondal kommune!

Velkomen til den vesle kommunen med drøye 1020 innbyggjarar, midt i hjarte av Hardanger. Her kan du, som einaste staden i Europa, stå på ski på Folgefonna og bade i Hardangerfjorden i løpet av ein 30 minuttars køyretur i eit fantastisk fjellandskap og jordbruksterreng.

Aktivitet, kunnskap og kultur er noko du kan fylla dagane dine med her hjå oss.

Folgefonna, Noregs tredje største isbre, er tilgjengeleg med bilveg frå ferjekant til brekant. Du kan klatra i isen, stå på ski heile sommaren - anten i felleskap med familie og vener eller heilt aleine i eit kvitt eldorado.

Herand - den kulturhistoriske bygda. Ei vandring gjennom bygda si historie i 9000 år, er vel verdt eit besøk.

Kunnskap og historie om nasjonalparken Folgefonna kan du og få ved å melda deg på tur med Folgefonni Breførarlag eller besøka kunnskaps- og informasjonssenteret Juklafjord i Jondal sentrum.

Uansett, du er hjarteleg velkommen som gjest i bygdene våre. Vi håper du vil trivast!

Besøksadresse:
Kommunehuset
Postadresse:
5627 Jondal
Telefon:
53 66 95 00
Faks:
53 66 95 10
Org.nr:
944 439 927
Kommunenr:
1227
Webredaktør:
Ann-Kristin Eide
Levert av:
ACOS