Kora har eit aldri så lite luksusproblem når dei no har valt kva sangar som skal framførast på jubileumskonserten. Nokre av jentene i Jondal Ungdomskor har sunge saman i 10 år, og det er ikkje reint få sangar dei har lært seg og framført på ulike konsertar opp gjennom åra.
Dirigent og trufast mentor sidan 1999, er Anne Karin Stormyr. Ho gler seg over at det er mange jenter som er interessert i korsang. Stormyr og jentene har mange gode, felles opplevingar dei kan sjå tilbake på. Og det er stadig nye opplevingar rundt neste sving. I september reiser ungdomskorgruppa på jubileumstur til Krakow.
Den som tek turen til Jondal kyrkje søndag vil få med seg eit variert program. Medverkande ved sidan av Stormyr, aspirant- og barnekoret i Solstråla og ungdomskorgruppa JU, er akkompagnatør Gro B. Eide.
Vi gratulerer så mykje med jubileet!