Landsbymarknadsinformasjon for kjøparar og seljarar

Folgefonnlandsbyen treng ein landsbymarknad der innbyggjarane og besøkjande kan kjøpa ulike varer som ikkje er tilgjengelege i våre fine og moderne daglegvarebutikkar, samstundes som innbyggjarane som produserer eller har varer som dei gjerne skulle omsett til "hard valuta", får ein salsstad.

Publisert av Anders Ellingsen. Første gong publisert 05.03.2010

Inntil me får ein spesiell tilrettelagt marknadsplass i sentrum, vil "Matgruppa" leggja til rette for ein landsbymarknad på prøve i Viketunet med Jondal skule som resverveområde i tilfelle dårleg ver.

Me legg opp til 4 marknadslaurdagar i fyrste omgang:
•·        Vårmarknad  5. laurdag i mai - 29.05.10 kl. 11.00 - 14.00.
•·        Sommarmarknad 2. laurdag i juli -.10.07.10 kl. 11.00 - 14.00
•·        Haustmarknad 2. laurdag i september - 11.09.10 kl. 11.00 - 14.00.
•·        Julemarknad 2. laurdag i desember - 11.12.10 kl. 11.00 - 14.00. 

Målsetjing for tilbod på marknaden:
•·        Lokalproduserte matvarer, t.d. lefser, flattbrød, syltetøy, turka- eller hermetisk frukt, ulike fiske- og sildeprodukt m.m.
•·        Frukt og grønsaker
•·        Kunst- og handverksprodukt

(Seljarane betalar ingen marknadsavgift, men er sjølve ansvarlege for å organisera salet.)

•·        Jondal idrettslag har bruktmarknad - kontaktperson May Randi Haugen
•·        Landsbyauksjon der kven som helst kan levera inn eigna varer for auksjon. Eigaren set ein minstepris. Ved sal får eigaren utbetalt salsprisen minus 15 % som går til dekning av driftskostnadene. Varer med minstepris under kr 100,- er best eigna for bruktmarknaden. Kontaktperson: Per Eikeland.
•·        Landsbymarknadskafe med sal av kaffi, tee, landsbydrikk, landsbybrød, heimebakst, pølser m.m.
•·        Underhaldning av lokale artistar - underhaldarar kan ta kontakt med Per Eikeland
•·        Hyggjeleg treffstad for fastbuande og besøkjande

No er det opp til deg å bli med å realisera landsbymarknaden !!! 

Påmelding til vårmarknaden så snart som råd innan 22.05.10 til Per Eikeland, Eikevik, 5627  Jondal, tlf.: 97748093, e-post: per.eikeland@kvamnet.no

  • Utskriftsvenleg versjon
  • Tips ein venn
  • Kontakt oss
  • Lag PDF
Biletegalleri
Natur
Besøksadresse:
Kommunehuset
Postadresse:
5627 Jondal
Telefon:
53 66 95 00
Faks:
53 66 95 10
Org.nr:
944 439 927
Kommunenr:
1227
Webredaktør:
Ann-Kristin Eide
Levert av:
ACOS