Det var mange frammøtte og god stemning på Jonsvoll då den årlege mønstringa for ungdom gjekk av stabelen. I alt var det 19 ungdomar som deltok i 14 ulike innslag innanfor sjangerane musikk og utstilling. Mange av deltakarane var med i fleire innslag, og publikum sette pris på det dei såg og høyrde.Konferansierar for kvelden var Ida Sørheim og Martin Toen, som begge har delteke i UKM tidlegare.
Sceneinnslaga besto av framføringar av tre band, fire enkeltinnslag på piano/vokal og to grupper med utspring frå Jondal Ungdomskor. Fleire av songane var sjølvkomponerte. Med på å sette ei perfekt ramme rundt arrangementet var dei ulike utstillingsinnslaga som pryda veggane på Jonsvoll. To deltakarar viste fram teikningar, og to viste fram foto. For ei detaljert deltakarliste sjå http://ukm.no/?side=3293&idgroupage=3289
Juryen som avgjorde kven som skulle gå vidare til fylkesmønstringa besto av vår eigen rådmann Siv Helle Prestegard, tidlegare deltakar i UKM John Inge Skogseth og frilans songar og songpedagog Solbjørg Tveiten frå Tørrvikbygd. Dei valde å sende desse innslaga vidare:
- - Bandet Xiest med låta For years. Bandet består av Erlend Mæland og Lena Olafsson på gitar, Henriette Mæland som vokalist, Rune Lie på bass og Sigmund Vestrheim på trommer. Dei to sistnemnte kjem frå Øystese. Låta er komponert av Sigmund Fredrik Vik.
- - Erla Eiken Nordvik med den sjølvkomponerte songen Won't go back, der ho sto både for sang og pianoakkompagnement.
- - Anna Baggegard med songen Angel av Sarah McLachlan. Ho akkompagnerte seg sjølv på piano.
- - Andrea Haugen med teikninga Kvit kjole.
- - Marte Brynsmo Bjella med eit foto (utan tittel).
Takk til Kulturskulen og andre hjelparar for eit flott gjennomført arrangement. Vi vil takke alle ungdomane som deltok for ein fin innsats, og ynskjer dei som kom vidare til fylkesmønstringa i Bergen 10.-11. april lukke til. Heia Jondal!