Innsamlingsaksjonen til Haiti gav 38 200 kroner!

Pengane som kom inn gjennom bøsseaksjonen ettermiddagen tysdag 26. januar, skal gå til Kirkens Nødhjelp sitt hjelpearbeid på Haiti. 

Fleire bøsseinnsamlarar var i aksjon i Jondal tysdag 26. januar. Det var Jondal Kyrkje og Folgefonnlandsbyen som tok initiativet til innsamlinga for dei kriseramma på Haiti - og då med godt resultat. Litt i overkant av 38 200 kroner blei samla inn i løpet av nokre timar. Ein av innsamlarane nemnte spesielt ein gut som gav ein tusenlapp frå eiga lomme. Han uttalte at dette kunne hjelpe andre som hadde det vanskeleg, og at han kom til å få sove betre om natta.

Kirkens Nødhjelp fokuserar på følgjande i sitt hjelpearbeid på Haiti: 

  • - å sikre reint vatn til 30 000 menneske
  • - byggjing av latriner
  • - utdeling av 3200 familietelt
  • - psykososial støtte til traumatiserte menneske
  • - å verne kvinner og barn

Eit flott initiativ av Jondal Kyrkje og Folgefonnlandsbyen, som mobiliserte jondølingar til å gje til ein god og viktig sak.

  • Utskriftsvenleg versjon
  • Tips ein venn
  • Kontakt oss
  • Lag PDF
Biletegalleri
Trekunst Arne B. M ælen
Besøksadresse:
Kommunehuset
Postadresse:
5627 Jondal
Telefon:
53 66 95 00
Faks:
53 66 95 10
Org.nr:
944 439 927
Kommunenr:
1227
Webredaktør:
Ann-Kristin Eide
Levert av:
ACOS