I januar 2010 var Jondal kommune med på messe i Hoovelaken, Nederland i regi av tilflyttarprosjektet Placement. Heile Hardanger var representert i ein felles stand for å informera om og marknadsføra regionen sine kvalitetar som bu- og arbeidsregion.
Mange familiar besøkte Hardanger sin stand og Jondal kommune har no kontakt med fleire familiar og vaksne som ynskjer å komma på besøk for å treffa potensielle arbeidgjevarar og bli meir kjend med Hardanger og kommunen.