Fotokonkurranse med vatn i fokus

Synest du sommaren regnar vekk? Fortvil ikkje. Ta på deg regnklede, finn fram kameraet og bli med i fotokonkurranse om det beste motivet med vatn i fokus.

Direktoratet for naturforvaltning (DN), Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif) inviterar til fotokonkurranse om vatn i ulike former. Konkurransen er eit ledd i å få fokus på vatn lokalt.

Du kan sende inn bileter med ulike tema som til dømes vatn og menneske, korleis vi nyttar vatn, forureining, fysiske inngrep, klima og naturkrefter. Du kan delta ved å laste opp bileta dine på http://vann-nett.nve.no/statistikk eller gå til www.vannportalen.no og klikke deg vidare til konkurransen. Der finn du også meir informasjon når det gjeld konkurransereglar m.m.

Siste frist for innsending er 25. september 2010. 1. premien er på kroner 5.000,-, og 5 utvalde bileter blir belønna med kroner 500,-.

God fotojakt!

  • Utskriftsvenleg versjon
  • Tips ein venn
  • Kontakt oss
  • Lag PDF
Biletegalleri
Gamleskulen21
Besøksadresse:
Kommunehuset
Postadresse:
5627 Jondal
Telefon:
53 66 95 00
Faks:
53 66 95 10
Org.nr:
944 439 927
Kommunenr:
1227
Webredaktør:
Ann-Kristin Eide
Levert av:
ACOS